Hjort

Fjaler hjorteutval er ein interesseorganisasjon for grunneigarar og jaktrettshavarar i Fjaler kommune. Utvalet er samansett av ein representant frå styret i kvart av storvalda i kommunen og vert leia av eit styre på 3 personar valde på årsmøtet.

Hjorteutvalet er ein organisasjon som skal arbeide for å ivareta grunneigarane og jaktrettshavarane sine interesser i samband med hjorteforvaltinga i kommunen. Det skal vere bindeledd mellom storvalda, og samordne og målbere deira interesser overfor kommunen, Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvalting. 

Hjorteutvalet er og høyringsinstans for saker som gjeld hjorteforvaltinga i kommunen.

Nyheter

Ny heimeside for Fjaler Hjorteutval

Fjaler Hjorteutval har fått ny heimeside. Her kan du finne relevant informasjon frå utvalet. Kom gjerne med tilbakemeldingar dersom du lurer på noko.

Vervarsel frå Yr.no

Del sida med andre